Åtte måneder og på ferie i Agadir

Mamma hadde satt vekkerklokka på 6.30, men eg ville opp ein time før. Mamma sa at det gjorde ingenting for då fekk vi god tid på å gjere oss klare. Av Linda Veberg

Åtte måneder gamle Aina Benedikte har allerede vært på sin første sydentur.
Foto: Linda Veberg
Åtte måneder gamle Aina Benedikte har allerede vært på sin første sydentur.
Foto: Linda Veberg Vis mer
[Ugjyldig objekt (NAV)]

Men sjølv om vi hadde så god tid, så var vi 4 voksne personar og ein liten baby som kom stressandes inn på flyplassen for å nå innsjekkinga. Der stod det ei snill Star Tour dame og hjalp oss med å sende bagasjen. Mamma måtte få to poser, også sendte ho vogna mi sammen med alle koffertane våre. Då fekk eg sitte i bæresele på magen hennar. Det vart nok litt tungt i lengden, men då kvilte ho seg litt på benkane. Eg er jo blitt stor baby no!

Nasedråper og babyolje

Flyturen gjekk veldig fint. Mamma var så redd for at eg skulle få vondt i øyrene mine, så ho gjorde alt for å hindre det. Først smurte ho litt babyolje ytterst i øyret mitt, også måtte eg få noko ekkelt inni nasa mi (nasedråper heitte det visst). Men det beste var at eg fekk melk av mamma då vi skulle til å fly oppi lufta, og når eg ikkje ville ha meir så fekk eg smokken min. Gjett om eg kosa meg!

Passkontroll

På flyplassen i Marokko var det jammen kjedelig! Før vi kunne hente all bagasjen våras, så måtte vi gjennom ein langdrygt passkontroll. Dei er visst veldig strenge med sånnt der nede i Afrika. Heldigvis var det ein mann foran meg som hadde ein spennande nøkkelring på sekken sin, også fekk eg ein kavring - men likevel så måtte eg jo så klart sei ifrå at eg ikkje trivdes med å sitte i ro så lenge.

Hai!

Vi fekk ikkje slappe av så lenge før vi måtte ut igjen. Då skulle vi på eit info. møte med Star Tour folka. Etter møtet var nesten alle dei reisande med på ein felles middag på restaurant La Pampa. Eg var nok litt umulig med mamma då ho skulle ete, for eg ville jo skrike litt. Eg trur mamma var litt glad då eg bestemte meg for å sove litt, men eg kvapp litt då det var nokre artister der - for det var ein gutt blandt dei som klappa og ropte "Hai!", nesten ved sidan av vogna mi. Men han sa no unnskyld då han høyrte at eg begynte å skrike litt.

Fritt vilt

Det var ein passelig spasertur til stranda. Stranda som vi låg på var "inngjerda" med eit tau, for det var så mange selgere rundt omkring - og dei fekk ikkje komme innom tauet. Når vi var uttafor tauet var vi "fritt villt" som mamma sa. Ho fekk seg to tøffe henna tatoveringer (ei rundt overarmen og ein skorpion på leggen), men eg var litt for liten til å få sånn fin pynt på meg. Også var det ein dromedar som gjekk rundt på stranda, mamma turte ikkje å la meg ri på den - men eg fekk sitte litt på den.

Overlegen

Mamma er blitt så overlegen her nede. For overalt der vi går så er det folk som vi prate med oss, mamma seier at dei vil prøve å selge oss ting. Alle må visst prute her i Agadir (det er nesten ein fornærmelse visst ein ikkje gjer det), og om ein ikkje kjøper det ein har pruta på så kan mannane bli veldig sinte. Det fekk vi heldigvis ikkje oppleve.
Dei ropte etter oss og nokre gonger fulgte dei etter oss også - eg syntest at det berre var morsomt, eg. For viss dei ikkje fekk kontakt med mamma, så ropte dei til meg. Mamma handla for det meste på supermarkedet for det var ein av dei få plassane ho slapp å prute. Det som var litt dumt med den butikken, var at eg ikkje fekk lov til å vere med inn!!! For det første var det så mage trapper opp til den, og for det andre så var det alt for trangt til vogna mi der inne. Kjedelig...

Kontakt

Det er mange som prøver å få kontakt med meg her. Mamma er så glad for at eg ikkje er redd lenger (for det var eg gankse mykje fornokre veker sidan. Men alle dei rare folka her nede prøver å få meg til å smile, dummingane. Eg berre ser heilt alvorlig på dei, eller så snur eg meg berre vekk. Det er jo best å sjå mammaen min!

Avreise

Så var avreisedagen komt, flyet gjekk ikkje før kl. 13, så vi hadde heldigvis god tid på oss om morningen. Først stod vi i kø ved innsjekkinga, også stod vi i kø gjennom endå ein passkontroll. Heldigvis fekk vi ha vogna med oss heilt ut på flyplassen denne gongen, då fekk eg nemlig røre litt meir på meg enn eg kunne ha gjort i ein bæresele. Etter å ha stått ei stund i den siste køa, kom det ein snill flyplassmann og sa at vi kunne gå foran heile køa - det var jammen moro, fint at eg var så liten eller så hadde vi nok ikkje fått lov til det.

Førstemann

Då vi skulle ut i flyet var det ei dame som sa til dei andre at eg og mamma måtte få komme oss først ut av døra sidan eg satt i barnevogn - så då skynda vi oss bort til det store flyet og overlot vogna mi til ein flyplassmann. På flyplassen i Bergen hadde vi jo fått eit par poser til å ha uttapå vogna - men det hadde dei ikkje på flyplassen i Marokko. Mamma hadde ikkje blitt fortalt at ho burde spare på dei før vi skulle ta bussen til flyplassen idag!! Men den kom no fram til Bergen like heil, og flyturen gjekk fint.

Hjemme igjen

Når vi kom til Bergen måtte vi skynde oss litt, for vi skulle nå den siste ferja heim til Bygstad - for no ville eg til pappaen min! Vi klarte det såvidt. Eg var snill og sov på heile turen, bortsett frå då vi skulle ta ferja - for det måtte eg jo ha med meg.

Det var jammen godt å sjå pappa igjen. Mamma lurte på om eg kom til å kjenne han igjen etter å ha vore vekke ei heil veke - men det var jo klart eg gjorde!