Utdrag fra Barneloven

Bestemmelsene er fra Barneloven av 8. april 1981. Vil du lese hele Barneloven anbefaler vi at du går til Lovdata på Internett.

  • § 34. Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte.
    Foreldre som er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn.

    Foreldre som separerer eller skil seg, kan avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at ein av dei skal ha det åleine. Inntil avtale eller avgjerd etter tredje stykket eller § 38 ligg føre, har dei foreldreansvaret saman.

    Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret, kan kvar av dei reise sak om spørsmålet for retten. Er dei samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om kven som skal ha foreldreansvaret og kven barnet skal bu saman med, gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det.

    Avgjerda skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet. Partane skal møte til mekling før saka vert ført inn for retten eller fylkesmannen. Departementet gjev nærare forskrifter for slik mekling. Ekteskapslova §§ 26 og 26 a gjeld tilsvarande.

  • § 35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte.
    Når foreldra ikkje er gifte, har mora foreldreansvaret åleine.
    Foreldra kan likevel etter avtale gje melding til folkeregisteret om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.
    Blir foreldra usamde om foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med fast, kan kvar av dei reise sak etter reglane i § 34 tredje stykket.
    Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 35 b.
  • Artikkelen fortsetter under annonsen

  • § 39. Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvaret o.l.
    Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om foreldreansvaret eller om kven barnet skal bu saman med.

    Vert dei ikkje samde, kan kvar av dei i samsvar med § 34 tredje stykket reise sak for retten eller la ho gå til fylkesmannen. Avgjerd av doms- eller styringsmakt og rettsforlik kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 38 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka.

    Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnt i andre stykket, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.

  • § 41a. Registrering av foreldreansvaret.
    Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregisteret. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregisteret er ikkje gyldig.