DENNE uka: Norge og El-forsyninga - kva kan gjerast?
Leserbrev fra Ottar Birkeland med TØkommentar. Strømmen går i Silikon Valley. Kan det skje HER? spurte vi på forsida av 89, med henvisning til Steinen 13. Her er Ottars og Trons kommentarer! " />
Norge og El-forsyninga - kva kan gjerast?
Brev frå Ottar Birkeland
Innleiinga til Steinen 89 hadde ein del om deregulering av el-forsyninga i Californa. Steinen 13 handla om dereguleringa som då var i gang i Norge. Eg har nokre kommentarar til dette.Mangel på vedlikehold
Det som har skjedd i California det siste året har faktisk fått NVE til å reagere litt. NVE er reguleringsmyndighet for monopoldelen av el-forsyninga, nettet, og driv no og arbeider med å innføre visse endringar i nett-tariffen.
Dersom det vert brot i leveringa av straum må netteigar betale store erstatningar til alle som dei har leveringsavtale med. Dette er ein grei måte å bruke markedsmekanisme til å sørge for vedlikehold (og alternative nett der det er store forbrukarar).El-produksjonen i Noreg
Med den auken vi har i El-forbruket er allereie total effekt i minste laget.
Totalproduksjonen er også for liten, i alle fall i normalår (1931-1990), og sjølv om denne normalen sannsynligvis ligg alt for lavt med dagens klima, bør nok produksjonskapasiteten opp eller forbruket bli dempa.
Dersom produksjonskapasiteten skal opp har aktørar i markedet planar for det, men dei får stort sett nei til planane sine frå politisk hald.
Dersom forbruket skal dempast, må det gripast inn politisk for å dempe etterspørselen etter elektrisk energi, eller så må ein vente til prisane stig pga for liten produksjon.
Problemet er at politikarane ikkje klarer å bestemme seg. Slik eg ser det har dei følgjande løysningar:
1. Dei kan tillate at produksjonen kan aukast gjennom utbyggjing av meir fornybar energi: Bygg ut Breheimen, Saltfjellet, Øvre Otta, vindkraft (denne treng litt "subsidiar" i form av redusert skattleggjing i ein overgangsperiode).
Sjølv om vasskrafta stort sett er utnytta så langt det er økonomisk interessant på Austlandet, Sørlandet og store deler av Vestlandet, er det mykje kapasitet igjen i Sogn og Fjordane og Nord-Noreg. Ca. 65% av det økonomisk interessante er utbygd, men det vil seie at det er mogleg å auke vasskraftproduksjonen med ca. 40-50% i Noreg.
Miljøpolitisk er dette vanskeleg, men eg kan ikkje sjå at vindkraft er bedre, korkje for vårt menneskeoppfatta miljø eller for miljøet sjølv.
2. Dei kan tillate utbyggjing av gasskraft.
Energimessig sett er dette tvilsomt sidan under 50% av energien i gassen vert elektrisk energi, resten vert varme. Såleis burde vi heller brukt gassen direkte til oppvarming eller koking, alternativt ha planar klare for utnytting av varmen.
Dette aspektet har vore svært lite oppe i debatten rundt gasskraft.
Så langt eg har forstått det er planane til Norske Skog i Skogn dei beste sidan varmeenergien kan brukast i framstillinga av tremasse.
På Kårstø er det planar om å bruke varmen til å tørke gass som ein sender til Europa for å få auka kapasiteten.
På Kollsnes har eg ikkje høyrt noko om planar for å utnytte varmeenergien. Energimessig hadde det vore mykje bedre å byggje ledningsnett til og i Stavanger; Karmøy/Haugesund og Bergen og bruke gassen til oppvarming direkte i staden for panelovnar som brukar gasskraft.
Dei miljømessige argumenta mot auka CO2-utslepp pga av gasskraft i Noreg er jo godt kjent.
3. Ein kan dempe forbruket ved å auke prisen ved hjelp av avgifter, slik at ENØK-tiltak og andre energikjelder vert meir lønnsomme.
I Noreg kjem ein stor del av energien til oppvarming frå elektriske omnar.
Ved hjelp av varmepumper kan ein få 2-3 gonger meir varmeenergi for kvar kilowatt-time enn ein kan få i ein elektrisk omn. Med dagens rentenivå, energiprisar og varmepumpeprisar er det marginal økonomisk verdi å installere varmepumper.
Den enklaste måten er å auke el-avgifta slik at straumen kostar den vanlege forbrukar ca. 1 kr/kwh i staden for 40 øre/kvh.
Dette har visse uheldige fordelingsmessige konsekvensar pluss at folk flest, som jo har råd til det, vil skrike opp mot ei slik avgiftsauke, så politisk sett er det nok enklare å subsidiere varmepumper. Problemet er at slike subsidiar blir mykje meir byråkratisk og ikkje sørger for utbyggjing av gassfordelingsnett og auka bruk av biobrensel (vedfyring).
Det ser ut til at ApHFrp har bestemt seg for alternativ 2, med eit ubetydeleg innslag av alternativ 1 når det gjeld vindkraft.
Sjølv er eg tilhengar av alternativ 3 når det gjeld alle forbrukarar unntatt den kraftkrevjande industrien. Ein bør kunne klare å gjere eit unntak i skatteregimet for den delen av av el-energien som går til elektrokjemiske prosessar.Problem med dagens el-markedregime
Det er eit behov for ein gjennomgang av markedsreguleringsmekanismane.
El-produksjon krev store kapitalinvesteringar, er det lite attraktivt å byggje ut når prisen er lav. Når prisen først stig er problemet at det ofte tar lang tid frå ein utbyggjar bestemmer seg til han kan starte utbyggjinga, i tillegg tar det tid å byggje eit kraftverk.
Sidan produksjonen i Noreg er så avhengig av den svingande nedbøren må ein innsjå at det er behov for ein viss reservekapasitet både når det gjeld effekt og totalproduksjon. Denne kan ein skaffe seg gjennom utbyggjing eller større overføringskapasitet til kontinentet.
Dette behovet kan ikkje eit fritt marked ta seg av. Det er ikkje lønsomt å byggje ut kapasitet som det ikkje er bruk for enno.
Men dagens markedssystem er så overlegne det gamle systemet når det gjeld ressursutnytting at ei tilbakevending til det gamle systemet er lite aktuelt.
Her er nokre forslag til korleis NVE/Staten kan sørge for ekstra kapasitet uten å øydeleggje markedet:
+ Auka el-avgift på all seld kraft går til å betale for ekstra utbygd effekt (større turbinar)
+ Auka nettleige for å byggje ut overføringskapasitet mot kontinentet.
Så lenge markedet i den andre enden av kabelen ikkje er fritt, men beherska av eit monopol, må ein lage langsiktige offentlige avtaler der monopolisten forpliktar seg til å levere ønska kvantum til faste prisar (det kan være ulike prisar for levert og mottat energi, og ulike prisar avhengig av årstid og tid på døgnet).
Markedet vil deretter fastsette ønska kvantum til ein kvar tid.
I dag er desse avtalane for dårlige (dei er i stor grad inngått før innføringa av fritt energimarked i Noreg) slik at danske og tyske monopolistar kan drive ein del prismanipulering.
+ Større innslag av gasskraft, kullkraft, bioenergi og atomkraft vil gjere markedet mindre sårbart ovenfor nedbørssvingningar (desse innslaga kan også komme i form av overføringskapasitet mot utlandet)
+ Større marked gjer at prissvingingane blir mindre, samstundes som den enkelte aktør blir mindre (forutsatt at ein nyttar EUs reglar for å hindre sammanslåing der dette øydelegg konkuransen).California
(Sitat frå http://dailynews.yahoo.com/h/ap/20010117/us/power_woes_chronology_1.html)
1998: Utilities begin taking steps to divest themselves of power generation plants. Rates they can charge consumers are capped until the utilities complete that task, expected in 2002.
(sitat slutt)
Slik dette verkar for meg er ikkje skillet mellom netteigar og energileverandør fullført, og skal ikkje fullførast før i 2002.
Dei andre artikklane som du viser til og som eg har lest forsterkar dette inntrykket. På grunn av politisk press har staten sørga for at dei auka prisane ikkje kan overførast til forbrukarane.
I tillegg har dei uregulerte energieleveradørar rundt seg som får levere til det frie markedet.
Desse kan levere på eige marked og kjøpe billig kraft frå California når prisen der er lav og ikkje selge dit før prisen verkeleg blir høg. Dersom dei samarbeider seg i mellom kan dei manipulere markedet i California.
Det er klart at gjennomføringa i California er for dårlig, men det er ikkje heilt sjølvsagt at det ikkje kan lagast eit fungerande marked.
Eit fungerande marked er som oftast avhengig av ein sterk stat som kan sørge for at det fungerer. I California ser det ut som dette ikkje er gjennomtenkt i det heile tatt.
Dei norske og svenske reguleringsmyndighetene bør ta lærdom og sørge for mekanismar som kan hindre det som skjer i California.
Ottar Birkeland
